Måndag 12.10. 2020 kl.19.00 inviterer Sel og Vågå SV inn til opent møte – attpålag attpå valget, eller kanskje frampålag i forkant av neste års stortingsvalg.
Mellom anna deltek stortingsrepresentant Karin Andersen over nett og vil fortelje om korleis statsbudsjettet vil påverke oss lokalt. Ho vil og ta for seg distriktspolitikk og fleire aktuelle tema. Fylkesleiar Anne Lise Fredlund vil snakke om næring, så vil og Live Brimi, næringskoordinator i Vågå kommune. Live vil ta for seg rullering av handlingsplan for næring og reiseliv.
Landets yngste lokallagsleiar sparkar i vegen møtet.
Møtet er arrangert av Sel og Vågå SV og er eit ope møte for alle interesserte i heile norddalen. Medlemmar i SV i Lom, Skjåk, Dovre og Lesja vil bli særskilt inviterte.