0001.jpg
 

Måndag 12.10. 2020 kl.19.00 inviterer Sel og Vågå SV inn til opent møte – attpålag attpå valget, eller kanskje frampålag i forkant av neste års stortingsvalg. 

Mellom anna deltek stortingsrepresentant Karin Andersen over nett og vil fortelje om korleis statsbudsjettet vil påverke oss lokalt. Ho vil og ta for seg distriktspolitikk og fleire aktuelle tema. Fylkesleiar Anne Lise Fredlund vil snakke om næring, så vil og Live Brimi, næringskoordinator i Vågå kommune. Live vil ta for seg rullering av handlingsplan for næring og reiseliv.

Landets yngste lokallagsleiar sparkar i vegen møtet.

 

Møtet er arrangert av Sel og Vågå SV og er eit ope møte for alle interesserte i heile norddalen. Medlemmar i SV i Lom, Skjåk, Dovre og Lesja vil bli særskilt inviterte. 

 
 
 
 

For mykje styr med kvinner i kommunestyra?

Vågå SV inviterer til Attpålag med tema «For mykje styr med kvinner i kommunestyra?»Norsk fjellsenter i Lom, onsdag 9. oktober kl. 19.30Etter valget vil det vera meir enn dobbelt så mange menn som kvinner i alle dei tre kommunestyra i Ottadalen. Våg…

Vågå SV inviterer til Attpålag med tema «For mykje styr med kvinner i kommunestyra?»

Norsk fjellsenter i Lom, onsdag 9. oktober kl. 19.30

Etter valget vil det vera meir enn dobbelt så mange menn som kvinner i alle dei tre kommunestyra i Ottadalen. Vågå SV ser dette som eit stort demokratisk problem, og som ei stor utfordring for samfunnsutviklinga.

Vi inviterer derfor til debatt:

- Kva er årsakane til at så få kvinner blir valde inn?

- Korleis jobbar dei politiske partia nå etter valget med å auke kvinnerepresentasjonen i råd og utvalg?
- Korleis kan kommunane, dei politiske partia og eventuelt andre, arbeide for å oppnå ein vesentleg auke av kvinner i kommunestyra ved neste valg?

Vi inviterer spesielt LOS Kvinnenettverket Vågå, Lom og Skjåk og representantar for alle politiske parti i dei tre kommunane, men møtet er ope for alle interesserte.

 
 

Takk til veljarane!

 
 
Vågå SV vil takke veljarane for tilliten som er vist oss ved valget! Vi har ein solid framgang frå førre valg, og aukar frå ein til to representantar i kommunestyret. Vi gratulerer Bygdalista, som har størst framgang av alle, medan både Ap og Sp går…

Vågå SV vil takke veljarane for tilliten som er vist oss ved valget! Vi har ein solid framgang frå førre valg, og aukar frå ein til to representantar i kommunestyret. Vi gratulerer Bygdalista, som har størst framgang av alle, medan både Ap og Sp går attende.

Like viktig som sjølve resultatet er alle heiarop og skulderklapp vi har fått i valgkampen! Det har gjeve oss tru på at vi har lyfta dei rette sakene. Nå har vi fått eit kommunestyre med jamnare fordeling av representantane mellom partia enn i inneverande periode. Dermed kan kommunestyret i Vågå bli ein spennande politisk verkstad. Vi lovar å vera synlege med våre saker, og samtidig samarbeidsvillige og konstruktive til å finne løysingar til beste for fellesskapet og innbyggarane.

Vågå SVs liste til kommunevalet 2019

listecollage endeleg.jpg
Listebilde med logo (1).jpg