Vågå SV presenterer programmet - "Oss lyt hjølpast åt"!
Vågå SV presenterer programmet
Nå nærmar valget seg. Kven er vi og kva vil vi? Kva vil Vågå SV brette opp ermene for? I dagane som kjem vil programmet vårt bli presentert, område for område. Aller fyrst, fundamentet for alt: "Oss lyt hjølpast åt!"
Noko av det finaste med Norge er små forskjellar og sterke fellesskap. Vi har bygd landet på verdiar som fridom og likskap. Regjeringa set dette på spel ved å føre ein politikk som let dei rikaste få stadig meir, medan resten blir hengande etter. Større skilnader går ut over fellesskapet, og rammar oss alle. Skal vi stå i mot dette, må «oss hjølpast åt», som vi seier i Vågå. Gjennom sterke fellesskap har vi lange og gode tradisjonar for å hjelpe dei som til ulike tider i livet treng det mest. Eit slikt samfunn vil SV ha. Vi vil ha eit samfunn som handlar, ikkje berre pratar. Eit samfunn der alle kan lykkast, og ingen blir gjevne opp. Eit samfunn der den sterkaste ber den tyngste børa.
Regjeringas politikk går i motsett lei. Når fellesskapets pengar går til skattekutt til dei rikaste, blir det mindre til skule, sjukehus og eldreomsorg. Når regjeringa svekkar arbeidsmiljølova, blir arbeidslivet meir utrygt.
Dei alvorlege følgjene av denne politikken er at tilliten og samhaldet forvitrar. Vi får eit meir polarisert samfunn, truga av mistenkjeleggjering og framandfrykt.
I «Oss lyt hjøpast åt» legg vi at vi som individ må yte etter evne og få etter behov. Vi må trå til for fellesskapet, ikkje fordømme, men hjelpe opp dei som ligg nede. Vi skal spela kvarandre gode og gle oss over at andre lykkast på område vi sjølve ikkje kan. Alle har vi ressursar som fellesskapet kan gjera seg nytte av, og alle skal ikkje vera gode på alt. Vi må ta bevisste valg som styrkar fellesskapet og det lokale næringslivet, sjølv om det på stutt sikt kostar kvar og ein av oss litt meir. Eit slikt samfunn vil SV ha.
Det finaste ved Vågå er folka som bur her. Blant desse finn vi frivillige som kjører ut mat til eldre og funksjonshemma kvar dag, og frivillige som gjer ein stor innsats for å halde hagen i prestgarden vakker og levande. Og vi har alle dei frivillige som stiller opp ved store og små arrangement, slik at Vågåbygda blir ekstra triveleg for både oss som bur her og for tilreisande.
Klima og natur
Vågå SV går til valg for eit miljø- og klimavenleg lokalsamfunn. I det legg vi at sjølv om klimakrisa er stor, kan og må ho løysast med store og små tiltak. Vi må ta ansvar for komande generasjonar ved å ta kampen for klima og miljø i alle saker. Vi vil ha gode bumiljø, legge betre til rette for bruk av sykkel og kollektiv transport, og gjera det enklare å lade el-bilar.
Verda står overfor ei klimakrise. Skal vi unngå farlege konsekvensar av klimaendringar som ekstremver, tørke, ras og flaum, må vi kutte utslepp. Kommunen har ei viktig og forpliktande rolle i dette arbeidet.
Og vi må snu trenden der naturmangfaldet på jorda er i sterk nedgang, fordi det må vike for våre behov og vår aktivitet.
Vågå SV vil:
- ha ein ny kommunedelplan for klima og energi, der ein reduksjon av klimagassutslepp i kommunen er konkret og har konkrete tiltak for å nå målet.
- ha strenge miljøkrav i byggeprosjekt, og ved innkjøp av varer og tenester.
- arbeide for å styrke busstilbodet, slik at det korresponderer med tog.
- ha konkrete tiltak som reduserer bruk av plast, og betre ordningar for kjeldesortering i alle kommunale institusjonar, skular, barnehagar.
- arbeide for å få eit kommunalt eller regionalt komposteringsanlegg for organisk avfall.
- at Vågå kommune skal erklære klimakrise.
- stimulere innbyggarane til å bli bevisste forbrukarar i høve klima.
- støtte utvidinga av Jotunheimen nasjonalpark.
- vera restriktiv med å gje løyve til motorisert ferdsel i utmark og vassdrag.
- arbeide for utviding av jernbanetilbodet gjennom Gudbrandsdalen, og gå imot flyplass på Tolstadåsen.
- gå imot regulering av nye hytteområde.
Mestring og inkludering
Helse-, velferds- og omsorgstenestene skal vera individuelt tilpassa og lett tilgjengelege. Det er særleg viktig å sikre desentraliserte tilbod og oppsøkjande tenester i kommunar med store avstandar og spreidd busetnad.
Ein trygg barnehage- og skulekvardag er sjølve fundamentet for mestring og god læring. Alle elevar må få moglegheit til å mestre skulen, uavhengig av økonomi, etnisitet og religion. Det som skal til er tilstrekkeleg bemanning, fleire yrkesgrupper inn i skulen, tidleg innsats, og ein praktisk og variert skuledag. Ein god barnehage og skule ser læring, mestring og danning av heile mennesket under eitt.
Vågå kommune må ha mot og vilje til å prioritere. Førebygging løner seg! Vågå SV vil bevisstgjera og ansvarleggjera kommunestyret i rolla som aktiv barnehage- og skuleeigar.
Kunst og kultur betyr mykje for utvikling av sosiale fellesskap, inkludering, debatt og kunnskap. Eit levande lokalsamfunn treng mangfaldig og inkluderande kulturliv, samt gode møteplassar. Alle som vil, skal ha moglegheit til å uttrykke seg gjennom det frivillige kulturlivet, og alle skal ha tilgang til kunst og kultur av høg kvalitet.
Barn og oppvekst
Vågå SV vil:
- styrke det psykiske helsetilbodet til barn og unge, m.a. ved å styrke skulehelsetenesta. Tenesta skal vera tilgjengeleg i alle skular kvar dag.
- ha ein debatt om heimearbeid og leksehjelpordning i skulen.
- arbeide for at praktisk-estetiske fag får større plass.
- arbeide for at alle ungar skal lykkast i skule og lokalsamfunn. Alle ungar er våre ungar!
- prioritere kulturskulen, slik at alle barn og unge får eit kvalitativt godt tilbod der, gjennom heile skuleløpet.
- aktivt arbeide for at kulturskulen femnar om enda fleire barn.
- arbeide for at regionen skal stå saman om å sikre elevane eit breiast mogleg studietilbod i vidaregåande skule.
- styrke lærlingordninga, både i den kommunale organisasjonen og i andre verksemder.
Helse- og velferdstilbod
Vågå SV vil :
- styrke det helsefremmande og førebyggande arbeidet i alle aldersgrupper.
- ta initiativ til samarbeid om sjukeheimplassar i regionen, med tanke på å gje eit breiare tilbod med høgare kompetanse.
- at mottakarar av økonomisk sosialhjelp skal behalde barnetrygda i tillegg til stønaden.
- til kvar tid ha oppdatert plan med målretta tiltak mot barnefattigdom og sikre ferietilbod til barn i grunnskulealder, i samarbeid med ideelle organisasjonar.
- sikre og utvikle det regionale helsesamarbeidet, som er forankra i Nord-Gudbrandsdal Lokalmedisinske senter (NGLMS), og samarbeidet med spesialisthelsetenestene
Kultur
Vågå SV vil:
- arbeide for å sikre innbyggarane eit breitt kulturtilbod, gjennom satsingar i kommunal regi og via økonomiske tilskot og andre støttetiltak til lag og organisasjonar.
- prioritere tilskot til lag og organisasjonar, og særleg der aktivitetane er retta inn mot barn og unge, og andre grupper i befolkninga som treng tilrettelagte aktivitetstiltak.
- prioritere satsing på folkebiblioteket, slik at det kan utviklast vidare som arena for kunnskap, debatt og kulturopplevingar for alle.
- sikre drifta av frivilligsentralen som møteplass, og stimulere til utvikling av tilbodet der, i takt med behova i lokalsamfunnet til kvar tid.
- arbeide for å styrke nynorsk i all skriftleg kommunikasjon.
Styrk demokratiet
Det er i lokalsamfunnet at tillit og fellesskap blir bygt. Men tillitssamfunnet vårt er truga av krefter som tener på mistenkeleggjering og framandfrykt. SV vil kjempe mot eit debattklima med hets og hatretorikk, og som nører opp under folk sine fordommar og frykt for det ukjente. Ein open og god debattkultur mellom innbyggarar og folkevalde er det beste forsvaret mot mistillit og mistenkeleggjering.
Vågå SV vil
- ta til motmæle mot politisk retorikk som fordømmer eller på andre måtar krenkjer andre menneske.
- gje ungdomsrådet, og Råd for eldre og funksjonshemma tilbod om fast taletid i kommunestyret.
- kompromisslaust forsvare menneskeverdet. Vi vil bidra til å skape eit samfunn der likestilling og fridom gjeld alle.
- styrke lokalsamfunnet si forsvarsevne mot fordommar og rasisme gjennom systematisk, målretta arbeid. SV ønsker eit ope demokrati med folkemøte og rom for innbyggjarinitiativ, der enkeltindivid, råd og organisasjonar blir høyrde.
- Styrke dialogen med innbyggarane, m.a. gjennom opne temamøte om viktige saker.
Kommuneøkonomi
Mykje tyder på at kommuneøkonomien berre blir trongare i åra som kjem. Dersom nedgangen i folketalet held fram, vil overføringane frå staten gå ytterlegare ned. I tillegg underfinansierer staten nye reformer, slik at kommunane må bera ein stor del av kostnadene. Og attpå til reduserer staten det handlingsrommet kommunane har til å skaffe seg inntekter dei fritt kan bruke.
Vågå SV vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk som i fyrste rekkje tek omsyn til klima, fellesskap og arbeidsplassar.
Vågå SV vil
- vurdere nøye alle nye investeringsprosjekt i høve evna kommunen har til å bera lånegjelda.
- ta vare på den bygningsmassen kommunen har, for å redusere driftskostnader og klimautslepp, og for å forlenge levetida til bygningane.
- sikre at kommunen til kvar tid har økonomi og kompetanse til å yte lovpålagte tenester av god kvalitet.
- trygge dei kommunale arbeidsplassane ved å føre ein ansvarleg økonomisk politikk, og seia nei til konkurranseutsetting og privatisering av tenester som kommunen driftar i dag.
Det nye arbeidslivet
Eit godt arbeidsliv er eit organisert arbeidsliv. Kommunen skal vera ein god arbeidsgjevar og ein ryddig oppdragsgjevar. Slik kan kommunen ha orden og godt arbeidsmiljø i eigne rekker, samtidig som kommunen stiller dei same krava til entreprenørar og andre leverandørar av varer og tenester til kommunen. Dermed legg kommunen også eit godt grunnlag for at det lokale næringslivet kan ha gode vilkår til å sikre og skape arbeidsplassar.
Vågå SV vil:
- arbeide for heile og faste stillingar.
- vise tillit og lytte til medarbeidarane, sikre god kompetanse og bemanning.
- verne om rettane dei tilsette har til medverknad i prosessar omkring avgjersler, og til å ytre seg om forhold i arbeidssituasjonen.
- gå imot konkurranseutsetting og privatisering av tenester som kommunen driftar i dag.
- bruke innkjøpsmakta ved kjøp av varer og tenester, samt i byggekontraktar, til å stille krav om ordna arbeidsforhold og konkrete miljøkrav. Slik kan kommunen førebygge sosial dumping, arbeidslivskriminalitet og miljøskadeleg produksjon.
Landbruk i endring
Alle areal som blir brukte til matproduksjon må bli tekne vare på!
Landbruksproduksjonen i verda er i rask endring grunna befolkningsvekst og klimaendringar. Derfor er det ekstra viktig at alle areal som blir brukte til matproduksjon blir tekne vare på og ikkje gror att.
Den nåverande landbrukspolitikken fører til stordrift og dårleg utnytting av norsk dyrefor og utmarksbeite. Den er også klimafiendtleg.
SV vil ha auka sjølvforsyningsgrad. Matproduksjon er ei viktig samfunnsoppgåve. Maten må bli produsert på ein måte som sikrar langsiktig og berekraftig bruk av jorda.
Vågå SV vil
- utvikle eit meir klimavenleg landbruk, i lag med gardbrukarar og faglag i distriktet.
- praktisere konsesjonslova strengt.
- handheve jordlova med god velferd for dyrkingsjorda og levande organismar.
- ha klimavenleg forvaltning av ressursane i skogen.
- gå imot nedbygging av matjord.
- bidra til å lyfte fram matproduksjon og jordvelferd på naturen og klimaet sine premissar.
- bidra til å syne fram betydinga landbruket har for mattryggleik, naturmangfald og kulturlandskap i kommunen.
- oppretthalde ei god rettleiingsteneste.
Næringsliv for framtida
Norge må i løpet av dei neste tiåra vri næring og verdiskaping bort frå det som skapar utslepp og over på det som ikkje forureinar, men bygger på fornybare kjelder.
Sjølv om utfordringa er stor, har vi samtidig alle moglegheiter til å klare det. Norge har store naturressursar, eit rikt hav, store skogar, mykje energi og kompetente arbeidstakarar. Nøkkelen er å omstille Norge frå å vera ein råvareleverandør av rikdomane til havs og til lands, over til å bruke ressursane og kompetansen til å bygge norsk næring og industri.
Vågå og regionen treng tilflyttarar. Det betyr at det må til ei enda sterkare merksemd og satsing på næringslivet. Det er like viktig å sikre og styrke det næringslivet vi har, som å arbeide for at nye bedrifter skal koma til oss.
Vågå SV vil
- styrke dialogen mellom det lokale næringslivet og kommunen.
- legge spesielt til rette for at lokalt næringsliv kan posisjonere seg og delta i konkurransar om kontraktar med kommunen, innanfor lovverket sine rammer.
- ta vare på seriøse arbeidsgjevarar og næringsdrivande ved alltid å stille krav om ryddige konkurransevilkår når kommunen går inn kontraktar.
- legge vekt på klimaomsyn i offentlege innkjøp.
- støtte initiativ til Grønt Reiseliv og andre, grøne arbeidsplassar.